HjemNyhendeAlbert Kjetland tildelt kulturprisen for 2019

Albert Kjetland tildelt kulturprisen for 2019

Albert Kjetland med diplom, blomebukett og sjekk

-Dette var så overraskande at eg er heilt mållaus, sa Albert Kjetland då han vart tildelt kulturprisen 2019. - Det var veldig kjekt, eg set stor pris på det!

Prisen vart tildelt for livslang innsats for å dokumentera livet på garden og i tidlegare tider.

Prisen vart delt ut i samband med Stordalen fjellfestival og det var ordførar Karstein Totland som sto for overrekkinga.- Prisvinnaren er oppteken av å ta vare på gamle bygg og å formidla den lokale historien, sa Totland i samband med overrekkinga.

I samband med overrekkinga sa ordføraren dette i grunngjevinga for at Kjetland vart tildelt prisen.

-Det var fleire framlegg til kulturpriskandidatar. Formannskapet hadde ein vanskeleg jobb med å velja, men me meiner me har kome fram til ein verdig prisvinnar.

Det er mange grunnar til at vedkomande bør få Masfjorden kommune sin kulturpris.

Prisvinnaren har vore ein viktig kulturberar  gjennom eit langt liv.

Eg tek fram desse som dei viktigaste:
Han har bygd oppatt ei bu som sto på garden, men som vart flytta til kaien i bygda, riven,  lagra og til sist var tenkt  sett oppatt som ein del av eit museumstun. Dette vart det ikkje noko av . Og for at bua ikkje skulle rotna bort,  fekk prisvinnaren bua ført attende til heimegarden, og sett oppatt på den staden der ho har stått. Bua er truleg den eldste bygningen i Masfjorden.

Prisvinnaren  har vore særleg oppteken av å ta vare på eldre bygg. Han tok initiativet til å ta vare på ei gamal løe i bygda. I henne har han fått laga til eit gardsmuseum, med ei samling av landbruksreiskapar som har vore brukt i Masfjorden.

Han har og hatt regien på restaurering av sæterbygg tilhøyrande på garden, og med sitt sterke engasjement berga han i si tid truleg den unike steinbrua inn til garden frå  bli «modernisert» då ho skulle reparerast.

Alt tidleg gjorde prisvinnaren opptak der eldre folk fortalde om eldre hendingar, og livet i nærmiljøet. Prisvinnaren er ein god forteljar og har vore flink med å formidla desse historiane.

Han har skrive gripande  om levevis i heimbygda i tidlegare tider; ei historie om livet på garden gjennom fleire generasjonar.  Dette materialet vart samla i boka « Kjetlandsfolket».

Mangt anna  kunne sikkert vore nemnt om prisvinnaren, men me reknar no med at dei fleste har forstått at Masfjorden sin kulturpris for 2019 går til Albert A. Kjetland for livslang innsats for å dokumentera livet på garden i tidlegare tider.

Kulturprisen vert delt ut til personar eller lag som har markert seg i kulturarbeidet i kommunen. Utdelinga skjer i samband med større kulturmarkeringar i sommarhalvåret. Både lag, organisasjonar og einskildpersonar er invitert til å koma med framlegg. Formannskapet er jury for prisutdelinga. Kulturprisen har vorte delt ut kvart år sidan 1988.

Albert Kjetland vert gratulert av ordføraren

I samband med istandsetjing av Svartevassetret i 2014 sto følgjande å lesa i  BT (Hus og hjem fredag 29.august):
«…Fjellet har vore livet for Albert Kjetland. Han måtte ta ansvar på garden på Kjetland alt i tidleg ungdom. På hans bruk låg det 3 stølar, stølsplassen ved Svartevatnet var den eldste. I yngre år hadde han korkje tid, pengar eller krefter til å halda dei ved like.

-Det var vondt å sjå på alt som for ille, og hus som jamvel datt ned. Så eg byrja tidleg å bera kledningsbord opp liene på skuldra, men det mona så lite. Vi hadde ikkje helikopter på den tida.

No er vilkåra økonomisk sett romslegare, og han gler seg stort over at Svartevassetret er oppattbygd.

-Det er moro å få opp att hus på gamle grunnar. For meg er motivasjonen mangedelt, og eg gjer det ikkje først og fremst for min eigen del. Eg vil ta vare på eit kulturminne, og eg vil det skal vera ein plass i fjellet som ikkje minst ungdommen som kjem etter oss, kan bruka. Ein treng ikkje reisa langt for å ha det eksotisk. Svartevassetret ligg vakkert til langsmed det som før var turvegen mellom Kjetlandsdalen og Stusdalen,og eg gledar meg over å sjå korleis det er blitt, seier Kjetland….»

Me gratulerer Albert Kjetland med Kulturprisen 2019.

 


Tekst: Frank Kvinge
Foto: Maria Fjellstad, Avisa Strilen


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 28.06.2019