Lokale vedtak om stenging/opning av tenester og krav til verksemder
Nye koronatiltak for innbyggjarane i Masfjorden
Masfjorden kommune følgjer tiltaka og anbefalinga regjeringa har innført frå 4. januar til 18. januar. Dette inneber fyljande reglar og lokale tilpassingar:
Masfjorden kommune fyljer dei nasjonale retningslinjene for korona frå måndag 7. desember
Smittesituasjonen i kommunane rundt oss gjer at det ikkje lengre er smittevernfagleg grunn til å vere strengare enn dei nasjonale reglane. Les mer om retningslinjene
Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim
Frå november opnar me for besøk til bebuarane ein gong for dagen. Besøket kan vare inntil 1 time med opp til to personar. Besøkjande må bruke munnbind. Les meir om sjukeheimbesøk
Bassenget på Matre og covid-19
I samråd med smittevernlegen, vert det inntil vidare ikkje opna for offentleg bading i symjebassenget på Matre. Les meir om bassengopning
Reglar for utleige av kommunale bygningar i samband med covid-19
Reglane omfattar både bruk, reinhald og utleige av kommunale bygningar.
Les meir om reglar for utleige av kommunale bygningar
Opning av biblioteka
Det er kjekt å melde at biblioteka opnar opp att etter å ha vore stengde sidan 12. mars på grunn av koronaviruset. Les meir om opning av biblioteka frå tysdag 19. mai.
Skulane 5.-10. trinn startar opp att tysdag 12. mai
Etter innspel og samtalar vil Masfjorden kommune sine skular ha heimeundervisning for 5.-10. trinn måndag 11.05.20. Desse elevane får sitt undervisningstilbod på skulen frå og med tysdag 12.05.20. Les meir om opning av skulane
Kulturskulen opnar igjen måndag 27. april
Når kulturskulen no opnar igjen, er det framleis behov for felles innsats frå foreldre, elevar og tilsette. Les meir om opning av kulturskulen
Statusrapport nr. 2 om koronapandemien i Masfjorden
Det er framleis ikkje påvist smitte av Covid 19 i Masfjorden kommune. Me har til no testa om lag 45 personar. Samla rapport frå alle tenesteområda. Les meir om tiltaka som gjeld for koronapandemien i Masfjorden
Regjeringa vidarefører alle koronatiltak fram til 20. april
Regjeringa konkluderte tysdag 7. april at alle tiltak for å hindra spreiing av koronasmitte vert vidareført. Frå 20. april vert det letta på nokon av tiltaka. Les meir om vidareføring av tiltaka
Barnehagane og delvis skulane opnar frå 20. april og 27. april
I tråd med Regjeringa sine føringar vert barnehagane i Masfjorden opna frå og med 20. april. Skulane opnar frå og med 27. april for 1.-4. klasse og SFO. Les meir barnehage- og skuleopning.
Reduksjon i hjelpemiddeltenesta grunna Pandemi-beredskap
Masfjorden kommune har grunna Pandemi beredskap sett opp nokon nye tiltak i hjelpemiddeltenesta for å beskytte innbyggjarane i Masfjorden mot smittespreiing av Corona-virus. Les meir om reduksjon i hjelpemiddeltenesta.
Krav til arrangørar ved tilstellingar
I samband med korona-viruset har Masfjorden kommune i samråd ved smittevernlegen innført krav til arrangørar og serveringsstader. Les meir om krav til arrangørar ved tilstellingar