HeimKampanjerRåd og informasjon om koronaviruset

Råd og informasjon om koronaviruset

Det nye koronaviruset (coronaviruset) blei oppdaga i januar 2020 og ny kunnskap kjem stadig. Korleis kan me førebyggje smitte? Kva bør dei som har vore i utbrotsområda gjera viss dei blir sjuke? Kva for tiltak er det me ikkje tilrår og kvifor? Informasjon og råd vil bli justert og oppdatert i høve til utviklinga av utbrotet og kunnskap om infeksjonen.

Nyttig og oppdatert informasjon finn du folkehelseinstituttet si heimeside (fhi.no).

Smitteverntiltak i samband med 17. mai

Smitteverntiltak:

Håndhygiene.
Minst 1 meter avstand til andre.
Maks 20 personar i private samlingar.
Maks 50 personar i offentlege samlingar.
Dei som ikkje er friske, held seg inne heime.
«Det enkle er ofte det beste», så praktiser desse enkle hugsereglane.
Lukke til med 17. maifeiringa!

Tekst: Rolf Martin Tande, smittevernlege, Masfjorden

Statusrapport om koronapandemien

I kommunen er det førebels ingen bekrefta tilfelle av Covid19 (pr.12.4.). Les meir om statusrappport og resultat av testing

Ny melding frå NAV Fensfjorden

Fristen for å søke nødhjelp/sosial hjelp til påske er endra til kl. 10.00 den 8. april.

NAV vil sikre arbeidskraft til nødvendige oppgåver

I tillegg til å informere verksemder i denne tida og å sikre at folk får ytingar og hjelp til livsopphald, har NAV også beredskapsansvar for å sikre arbeidskraft til nødvendige oppgåver i samfunnet vårt. Les meir om arbeidskraft til nødvendige oppgåver

Matinnkjøp til sårbare grupper

Har du utfordringar med å skaffe deg matvarer i denne perioden med koronaepidemi,  t.d. om du sitt i karantene, er sjuk eller er i ei risikogruppe, og ikkje har nokon som kan hjelpa deg, vil butikkane og heimetenesta samarbeida for å sikra at alle får skaffa seg matvarer. Du kan ta kontakt med lokalbutikken din og få gjort avtale om utlevering.

Nordbygda senter: 56166050
Nærbutikken Kvingo: 56367125
Nærbutikken Andvik:  91164108
Nærbutikken Sandnes:  46969687
Joker Haugsvær: 56366350

Til foreldre og føresette i Masfjorden kommune om korona-krisa

Først vil vi rette ein stor takk til alle foreldre og barn, som gjer ein ekstrainnsats på heimebane i desse dagar. Vi veit at den nye kvardagen er krevjande, og at mange gjer eit godt arbeid. Les meir om hjelpetelefonar, stengeperiode, tilbod, eksamen og betaling.

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet. Barnehagane får kompensert dette tapet fullt ut av staten. Slik unngår vi permitteringar i barnehagane. Les meir om betalingsfritak for barnehage og SFO

Viktig informasjon til arbeidsgjevarar om permitteringar/oppseiingar

Viktig informasjon til arbeidsgivarar i Nordhordland i samband med permitteringar/oppseiingar. Les meir om viktig informasjon til arbeidsgjevarar

NAV har oppretta ein vakttelefon for søknad om krisehjelp

Dersom du treng å kome i kontakt med NAV Fensfjorden for økonomisk sosialhjelp har vi ein vakt-telefon du kan nå oss på. Les meir om vakttelefonen som er 413 97 364

Tilgjengeleg helsestasjons- og skulehelsetilbod under korona-utbrot

Masfjorden helsestasjon føl Helsedirektoratet sine tilrådingar og følgjande arbeid blir prioritert av helsestasjonen og skulehelsetenesta framover. Les meir om arbeid som er prioritert.

Kven har rett til tilbod i barnehage og skule?

Vi er inne i ei spesiell tid, og har stengt alle skular og barnehagar frå 12. mars. Likevel gir vi eit tilbod til barn av personell i kritiske definerte samfunnsfunksjonar. Les meir om kven som har rett til tilbod i barnehage og skule.

Oppdaterte retningsliner for heimekarantene og isolasjon

Oppdaterte retningsliner for heimekarantene og isolasjon gjeldande f.o.m. 14. mars
Les meir om oppdaterte retningsliner

Informasjon frå NAV i samband med koronaviruset

Sjukemeldingar - Stengde skular og barnehagar gjev rett til omsorgspeng - Permitteringar - Akuttolk for døve, døvblinde og hørselshemma. Les meir på nav.no

Til føresette og tilsette i barnehagar og skular

Brev frå kommune- og smittevernoverlegen

Informasjon til barn og unge

Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronaviruset.
Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus.

I YouTube-filmen: https://youtu.be/v1W249tl1vA får du svar på spørsmål som Hermine (13) stiller til Helen (lege i Helsedirektoratet).

Filmen gjev også informasjon som er viktig for voksne.

Lurer du på om du kan vere smitta

Ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf: 56 16 63 00 eller legevakt 116 117 for å avtale oppfølging. Det er viktig at du ringer først!

Særlege råd for besøk på sjukeheimen

Bebuarar på Masfjorden sjukeheim er særleg utsette for smitte av denne typen, og vil med helse svekka av andre årsaker kunna verta hardare råka enn dei fleste andre. Helsedirektoratet har komme med særlege råd for besøk til denne typen institusjonar. Kort oppsummert er rådet at ein ikkje dreg på besøk dersom ein:

  • I løpet av dei siste 14 dagane har vore i område med vedvarande spreiing av Korona/Covid-19.
  • I løpet av dei siste 14 dagane har vore i nærkontakt med person som er stadfesta smitta av Korona/Covid-19.
  • I løpet av dei siste 14 dagane har hatt teikn til luftvegsinfeksjon.

Her kan du lese heile brevet frå Helsedirektoratet (pdf)

 

På denne sida vil det kome fortløpande og oppdatert informasjon som gjeld koronaviruset.


Sist oppdatert: 14.05.2020
Publisert: 14.02.2018