Tenestetorget

Her vert du litt kjend med kva tenestetorget gjer.

Tenestetorget er namnet på avdelinga som først møter alle som ringer til kommunen, eller som vitjar kommunehuset på Masfjordnes.

Tenestetorget er på mange vis Masfjorden kommune sitt ansikt utad. Dei som jobbar der gjer sitt beste for å hjelpa alle som tek kontakt med kommunen. Du kan få kontakt med tenestetorget ved å ringe 56166200, eller ved å sende ein e-post til post@masfjorden.kommune.no .

Tenestetorget er òg kommunen sitt postmottak, både for e-post og vanleg post. Her vert all post også skanna og journalført elektronisk.

 

Web levert av CustomPublish