Tid for å søkja kulturmidlar, kulturvernmidlar mm.

Søknadsfristen for å søkja midlane samt framlegg til kulturpriskandidat er 10. april.

Kulturmidlar

Elektronisk søknadsskjema under « Sjølvbetjening» på heimesida. Alle søkjarar må senda inn årsmelding og rekneskap saman med søknaden.

Særskilde kulturtiltak

20% av summen som er sett av til kulturmidlar er øyremerkt særskilde kulturtiltak. Arrangør av slike kulturtiltak kan gjennom året søkja tilskot frå desse midlane.
Gje ein kort presentasjon av tiltaket inkl budsjett.
Elektronisk søknadsskjema under "Sjølvbetjening/Skjema/Kultur og idrett" på heimesida er det same som vert nytta til søknad om kulturmidlar

Kulturvernmidlar

Kommunen gjev tilskot til restaurering/istandsetjing av eldre bygningar, bygningsmiljø og andre kulturminne som ligg innan for Masfjorden kommune sine grenser. Eigarar av slike kulturminne kan søkja tilskot frå desse midlane.
Elektronisk søknadsskjema under "Sjølvbetjening" på heimesida.

Vaksenopplæringsmidlar våren 2018

Søknadsskjemaet på heimesida under "Sjølvbetjening".

Kandidat til kulturprisen

Har du framlegg til nokon som du meiner fortener kulturprisen?
Send forslag innan 10. april til

Masfjorden kommune
Austfjordvegen 2724
5981 Masfjordnes
post@masfjorden.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish