MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 28.02.12 -

Orientering om opningstidene

 

Når det gjeld serveringsstader så kunne desse tidlegare ha opent frå kl. 06.00 til kl. 01.00 etter den gamle serveringslova, om kommunen ikkje hadde fastsett noko anna i forskrift.

 

Frå og med 01.01.2008 så er normalopningstida fjerna i serveringslova. Det betyr at ein serveringsstad frå og med 01.01.2009(overgangsreglar) kan ha ubegrensa opningstid dersom kommunen ikkje har fastsett eigen forskrifter for dette. Masfjorden kommune har pr. i dag ikkje fastsett eigen forskrift om opningstider.

 

Lov om opningstider(Opningstidslova) vart oppheva i 1998. Kommunane kan såleis ikkje lenger ha eigne kommunale vedtekter for opningstidene i butikkar.

 

For butikkar er det er Lov om helligdager og helligdagsfred som regulerar opningstidene i helger og på høgtidsdagar. Denne lova trådte i kraft den 1. april 2003 og er ei forenkling av dei tidlegare reglane.

 

Nokre hovudpunkt:
Faste utsalgsstader kan holde opent dei tre siste søndagene før julafta mellom kl. 14 og kl. 20.

På heilagdagar skal faste utsalgsstader som sel varer til forbrukere, holde stengt. På jul-, påske- og pinseaften skal dei stenge kl. 16. Her gjeld det visse unntak for utsalsstader som ikkje er større enn 100 kvm og bensinstasjonar som ikkje er større enn 150 kvm m.v.

Fylkesmannen kan etter søknad gje dispansasjon når det ligg føre særlege grunnar, jfr. § 5, 6. ledd.

 

For meir informasjon gå direkte til Lov om helligdager og helligdagsfred

 

 

 

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen