MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 28.02.12 -

Motorferdsel i utmark

 
- INFORMASJON OM REGELVERKET -

I dei siste åra har kommunen registrert ei auka bruk av motoriserte køyrety i utmark og på vassdrag. Me har motteke ein del telefonar frå både grunneigarar og hyttefolk som har spørsmål om til dømes bruk av helikopter og motorbåt.

Kommunen ynskjer med dette å informera litt om regelverket som gjeld for motorisert ferdsel i utmark.

 

Aktuelt regelverk

- Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag av 10. juni 1977 nr. 82
- Nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

Kopi av regelverket er vedlagt.

 

Kva er tillate utan særskild løyve?

Kva som er tillate utan løyve frå kommunen, går fram av § 4 i lova, samt § 2 og § 3 i forskrifta.

Når ein vurderer å nytta motorisert køyrety, bør ein difor sjekka desse paragrafane for å finna ut om ein må søkja om løyve eller ikkje.

 

På vinterføre er det tillate med fleire typar ferdsel enn på sommarføre. Ein kan til dømes transportera materiale og utstyr til bygging av hytter i samsvar med byggjeløyve.

 

Alle som skal nytta motorkøyrety i utmark eller på vassdrag, må alltid spørja grunneigar i området, uavhengig av om slik ferdsel er tillate i loven. Grunneigar har rett til å forby eller avgrensa motorferdsel på sin eigedom.

 

Ferdsel med motorfarty på innsjøar

Motordrive framkomstmiddel på innsjøar omfattar båt eller anna flytande farty drive med motor.

Motordrive framkomstmiddel omfattar ikkje berre forbrenningsmotorar, men også maskinar som vert drive med andre energiformar, t.d. elektrisk kraft.

 

Ferdsel med motorfarty er tillate på innsjøar som er 2 km2 eller større.

Ferdsel på mindre innsjøar er ikkje tillate så lenge innsjøen ikkje er ein del av eit farbart vassdrag.

Kommunestyret i Masfjorden har ikkje laga forskrift som opnar for motorferdsel på innsjøar under 2 km2.

 

Ferdsel med luftfarty

Luftfarty er som regel fly eller helikopter.

Loven gjeld landing og start med luftfarty.

Omgrepet landing og start omfatter også dei tilhøva der eit helikopter står like over bakken for å lasta eller lossa.

 

Tips frå kommunen

Kommunen rår til at alle tenkjer gjennom sin eigen bruk av motorkøyrety i utmark og på vassdrag. Dersom ein er i tvil om bruken er lovleg, er det lurt å kontakta kommunen for å få rettleiing.

 

Kommunen kan gje løyve til motorferdsel som i utgangspunket er i strid med regelverket, men det må liggja føre særskilde grunnar for at slikt løyve vert gjeve.

 

All motorferdsel som er i strid med regelverket, eller manglar løyve frå kommunen og grunneigar, kan medføra straffeansvar. Kommunen rår difor til at ein set seg nøye inn i regelverket og kontaktar kommunen dersom ein lurer på noko.

 

Ivrige hyttebyggjarar må vera merksam på at bruk av helikopter eller anna motorkøyrety ikkje er tillate for transport av materiale og liknande, utan om på vinterføre.

 

Bruk av motorkøyrety i samband med jakt, fangst, fiske og bærsanking er ikkje tillate utan særskild løyve.

 
Vis naturvett!
Føremålet med regelverket er å verna om naturmiljøet og fremja trivselen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen