Informasjon i samband med hovudopptak i barnehagane og SFO 2012/2013
Det er tid for å søkja om plass i barnehage og SFO igjen. I år må alle søknader leverast elektronisk.
Søknadsskjemaet finn du på www.masfjorden.kommune.no under nyttige skjema.
Søknadsfristen for plass i barnehage og SFO for 2012-2013 er 1. mars.
I Masfjorden har me tre kommunale barnehagar; Indre Masfjorden barnehage, Nordbygda barnehage og Sandnes barnehage. Desse gjev tilbod om barnehageplass 5 dagar i veka.
Dei som ikkje har tilgang til internett kan fylle ut skjemaet på eit av biblioteka eller kommunehuset i opningstida, og hjelp til å fylla ut skjemaet ved å venda seg til ein av barnehagane eller tenestetorget i kommunen.
Vedlegg til søknaden må sendast til Masfjorden kommune, rådgjevar for oppvekst og kultur, 5981 Masfjordnes. Fristen for å senda inn vedlegg er den same som for å senda søknad om barnehageplass.
Barnehagane har dette tilbodet: 5-dagarstilbod til kr 2095 pr. mnd.
Barnehagane har desse kontaktadressene dersom du har spørsmål:
Indre Masfjorden barnehage, 5984 Matredal
Styrar: Maja Aven Dahle, tlf. 56 16 61 30 - E-post
Nordbygda barnehage, 5986 Hosteland
Styrar: Inger Marie Duesund, tlf. 56 16 64 30 - E-post
Sandnes barnehage, 5981 Masfjordnes
Styrar: Eva Torgilstveit, tlf. 56 16 61 00 - E-post
Du kan også lesa meir om kvar barnehage ved å følgja denne lenka.
Søknad fører du opp den barnehagen du søkjer plass i, eller den skulen du søker SFO-plass på.
Søknadsfrist: 01.03.12
Me ynskjer dykk velkomne som søkjarar til barnehagane og SFO i Masfjorden kommune.
|