MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 28.02.12 -

Kommunal bandtvang -

 

Kommunestyret i Masfjorden har den 03.05.01 gjort slikt vedtak:

 

§ 1: I tida frå og med 1. april til og med 1. november, pliktar eigar eller innehavar av hund i Masfjorden kommune å halda hunden i band, eller forsvarleg innegjerda eller innestengt.

 

§ 2: Påbodet i § 1 gjeld ikkje i tida 20. august til 1. november for
a) dressert bufehund når denne vert brukt til å vakta/gjeta bufe
b) dressert bufehund i aktiv teneste eller under trening
c) tenestehund i aktiv teneste eller under trening
d) jakthundar under utøving av lovleg jakt, samt jakthundprøver og trening av jakthundar på område der trening er tillete.

 

Påbodet i første ledd gjer ikkje unntak frå påbod gjeve i lov om
viltet eller med heimel i lov om viltet.

 

§ 3: Brot på dette påbodet er straffbart.

 

§ 4: Denne forskrifta tek til å gjelda straks.

 
Tilføying, kommunetyret den 13.06.01:

Hundeeigarar kan søkja om dispensasjon frå vedtak om kommunal bandtvang, jfr. § 3 i Lov om ansvar for skade på bufe ved hund m.v.

 

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen