Masfjorden kommunale kraftfond

Vedtekter - (pdf)
Søknad om lån og/eller tilskot:
Søknadsskjema - (elektronisk-pdf)
Søknadsfrist 15. juni for 1. tildeling 2010
som skjer i august/september.
Søknadsfrist 01. november for 2. tildeling 2010
som skjer i desember.
|
OM KRAFTFONDET:
Næringsarbeidet i kommunen har dei siste åra vore konsentrert
kring forvaltning av kraftfondet. Kraftfondet er midlar kommunen
får som følgje av den kraftutbygging som har funne
stad i kommunen gjennom at regulator/ BKK må innbetale ei
avgift (konsesjonsavgift) til kommunen som går til eit fond
i kommunen. Fondet og dei årlege konsesjons- avgiftene utgjer
det som ein kallar for Kraftfondet. Ein får no tilført
om lag 2 mill.kr. årleg. Kraftfondet skal i hovudsak nyttast
til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til
kommunale tiltak. Det kan ikkje gjevast stønad til sanering
av gjeld eller til den daglege drifta av verksemder og kommunen.
Midlane i fondet kan berre nyttast til investeringar i varige driftsmidlar.
Stønad gjennom kraftfondet
kan gjevast i form av tilskot eller lån. Samla finansiering
frå kraftfondet til private næringstiltak skal
som hovudregel ikkje overstige 25 % av den samla kapitaltrongen
for eit prosjekt. Ved bedriftsutvikling kan det gjevast inntil 75%
finansiering. Kommunestyret nemner opp styre for kraftfondet. Kraftfondsstyret
er for tida identisk med formannskapet. Frå administrasjonen
si side har i all hovudsak ass. rådmann Svein Helge Hofslundsengen
arbeidd med kraftfondssakene.
Forvaltning av kraftfondet følgjer av vedtekter fastset av
kommunestyret.
Det overordna målet med å bruka kraftfondet er å
fremja etablering av nye verksemder, og å vidareutvikle eksisterande
verksemder. Som del av kommuneplanen skal det lagast ein eigen næringsplan.
Denne skal gje grunnlag for prioritering av prosjekt. Næringslivet
i kommunen bør trekkjast aktivt med i utarbeidinga av ein
slik plan. Planen skal innehalde strategiar for kommunen sin kvinne-
og ungdomsretta tiltaksarbeid.
Eksempel på prosjekt som kan få stønad:
* Kommunalt tiltaks- og næringsarbeid,
til dømes: næringsplanlegging, etableringsprosjekt,
samarbeid skule/næringsliv og
stadutviklingsprosjekt.
* Fysisk tilrettelegging av for næringsverksemd,
til dømes: kommunal tilrettelegging av næringsareal,fysisk
stadutvikling, infrastruktur for
reiseliv, vassforsyning.
* Bedriftsutvikling,
til dømes: etableringsstipend, opplæring, produktutvikling,marknadsføring,
marknads -
undersøking og planlegging.
* Investering i bedrifter,
til dømes: utstyr, maskiner og bygningar ved oppstart og
utviding av bedrifter.
Det er utarbeidd eige søknadsskjema for bruk i samband med
søknad om lån/tilskot gjennom kraftfondet.
Forutan forvaltning og behandling av søknader kring kraftfondet
kan kommunen hjelpa med å formidla kontakt og orientera om
andre offentlege stønadsordningar. Desse ordningane
er i hovudsak forvalta gjennom Innovasjon Noreg tidlegare SND.
Det er ledig industriområde i alle delar av kommunen
Kvamme Haugsdal Krossleitet og Matre.
Kommunen har om lag 30 GWh ledig konsesjonskraft til disposisjon
som kan nyttast til delvis subsidiering av industriverksemd.
Kommunen må gjennom kommuneplanen prøva å tilretteleggje
forholda best mogleg med tanke på næringsutvikling.
Tekst: Svein Helge Hofslundsengen
Foto: Scandion
|