Stortingsvalresultatet for Masfjorden

Etter at 99,8% av stemmene er talde opp syner stortingvalresultatet for Masfjorden ein solid framgang for Sp på 9,3 %, med størst tilbakegang for Krf på -5,7 %.

Samanlikninga er gjort i høve til valresultata for 2013.

Høgre kan også notere seg for ein bra framgang på 5,0 %. Størst tilbakegang utanom Krf har Ap på 3,5 % og Frp på 3,0 %. SV kan notere seg for ein liten tilbakegang på 1,0 % og V på 0,9 % medan MDG kan notere seg for omlag same oppslutnad.

Høgre blir det største partiet med 28,4 % med Sp på 2. plass(23,6%)  og Ap på 3. plass(20,4%).

Frammøteprosenten var på 81,4%.

Du han sjå meir detaljerte tal for valresultatet på:

valgresultat.no og nrk.no/valg

 

 

Web levert av CustomPublish