Støtte til førarkort med haldningsskapande kurs

Vil gje økonomisk støtte til sertifikat for ungdommar til handlingsskapande kurs. Påmeldingsfristen er 30. september.

Kommunestyret i Masfjorden har vedteke å halda fram med å gje økonomisk støtte til sertifikat for ungdommar som i tillegg til vanleg opplæring ved kjøreskular deltek i eit haldningsskapande kurs om trafikktryggleik, fart og rus.

Dersom det blir nok påmelde, blir det sett i gang kurs i haust. Lærar på kurset blir Gustav Landro. Kurset er lagt opp som to laurdagssamlingar på 3 timar kvar gong. Kurset er fyrst og fremst meint for dei som er fødde i åra 1995-98, men folk frå 1999- og 2000-kulla kan òg melda seg på.
 
Dersom du skal få utbetalt den kommunale støtta på kr. 3000, krevst det at du deltek på begge laurdagane og at du i tillegg gjer noko heimearbeid mellom dei to samlingane. Dette heimearbeidet skal leverast på e-post og vurderast av læraren din. E-postadressa hans vil du få fyrste kursdagen.

Fyrste samling finn stad på Sandnes skule laurdag 14. oktober kl. 12. Denne samlinga er fyrst og fremst for dei som alt har fått førarkort. Neste gruppe samlast laurdag 14. oktober kl. 15.00. Den andre kursdagen for begge gruppene blir laurdag 4. november 2017.

Dersom du vil vera med på haldningsskapande kurs og få støtte til førarkort, må du sjølv melda deg på med å senda ein e-post til denne adressa: post@masfjorden.kommune.no
Du må i påmeldinga gje opp eit telefonnummer og ei e-postadresse ein kan nå deg på, og så må du melda frå om du har sertifikat eller ikkje.

Påmeldingsfrist: 30. september.

Det blir truleg sett i gang nytt kurs i januar 2018.

 

 

Tekst: Alf Magnar Strand, oppvekstleiar

 

Web levert av CustomPublish