Plakatbilete av Sons of Vanity med Anne Hvidsten

Plakatbilete av Sons of Vanity med Anne Hvidsten

Sons Of Vanity spelar på heimebane

Laurdag 16. juni spelar dei endeleg på heimebane. Førehandstinging  av billettar hos Masfjorden kommune frå 14. mai.

Sons Of Vanity har spelt konsertar både i Bergen og rundt om i Hordaland det siste året i tillegg til at dei har vore med på festivalar i Breim og i Seljord.

Laurdag 16. juni spelar dei endeleg på heimebane. Då har dei fått med seg Anne Hvidsten og har konsert i Nothuset på Sandnes kl. 20.00. Musikksjangeren er country-inspirert rock.

Konserten er i regi av Sommarscena.

Førehandstinging  av billettar hos Masfjorden kommune, tlf. 56166200 frå 14. mai. Billetten kostar kr 200. Me reknar med fullt hus, så her er det berre å hiva seg på telefonen og bestilla billett.

Om gruppa

Americana, country, southern rock. Twangy gitarer, herlige harmonier, rasende rockefot.
Skikkelig Nashvillemusikk - fra Nordhordland. Albumet ”Twister” kom i september 2017, og bandet er spelelista med singelen ”Fair Game” på NRK. Sons Of Vanity er: Arild Haugsvær (vokal/gitar), Atle Bruvoll Andersen (trommer), Stian Sylta (gitar/banjo), Øystein Bolset Strand (bass) og Åsmund Kvinge (gitar/dobro).

Sjekk ut musikkvideoen til Twister her: https://youtu.be/7uqZJLkMCzw
Lær meir om Sons Of Vanity på www.facebook.com/sonsofvanity/ og www.sonsofvanity.no

Meir om Anne Hvidsten: https://www.hihat.no/anne-hvidsten 

 

 

 

Tekst: Alf M. Strand og Anette Thorsheim

 

Web levert av CustomPublish