Plakatbilete av Sons Of Vanity og Anne Hvidsten

Plakatbilete av Sons Of Vanity og Anne Hvidsten

Sommarscena 2018

Sommarscena 2018 - arrangement ved museumssamlingane i Sandnes nothus og Kvamsdals fargeri.

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling

i nothuset på Sandnes
Samlinga består av tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen. Båt- og sjøbruksregistreringane frå 1990-talet gjer at det finst ei god oversikt over båtar og reiskapar som er brukte og/eller bygde her. Utstillinga i nothuset på Sandnes presenterer eit breitt og spanande utval.

Kvamsdals fargeri

Utstillinga i Kvamsdals fargeri vitnar om 60 års industrihistorie på Sandnes. Det fortel om ein type småbedrift som var vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet. Eigarane følgde utviklinga og moderniserte verksemda som var i drift heilt fram til 1950-talet. Det meste av inventaret i fargeriet er intakt og står slik det stod då det vart lagt ned i 1954. Tørkeloftet i fargeriet har sidan 2008 vore nytta som utstillings- og konsertlokale først og fremst for profesjonelle uttrykk innan tekstil og musikk.

I godt samarbeid med Sandneskaféen inviterer Sommarscena til mange ulike kulturarrangement i sommar. Velkomne!

Sommarscena starta tidleg i år. Den svenske kunstnaren Maria Westmar monterte utstilling i Kvamsdals fargeri i veke 23. Torsdag 31. mai og fredag 1. juni hadde ho verkstad for skulane i kommunen. Elevane var nyfikne publikumarar i utstillinga og gjekk sidan inspirerte i gong med eigne kreative prosessar med kol, fargestiftar, leire m.m. Maria Westmar bur og arbeider til vanleg i Malmø, men er denne våren i Oslo som assistent til den norske kunstnaren Ane Graff. Westmar har ein kandidat- og mastereksamen i fri kunst med tekstil som hovudemne. Forholdet mellom språk og materiale er sentralt i arbeida hennar, og ho nyttar også tekst som ein del av uttrykket. I utstillinga i fargeriet nyttar ho materiale som silke, skumgummi, granbar, sand, tre, plast m.m. Utstillinga er open sundagar frå 13-17.

 

Web levert av CustomPublish