Brodert bilete frå utstillinga til Helga Gunerius Eriksen

Brodert bilete frå utstillinga til Helga Gunerius Eriksen

Sommarscena 2017

Sommarscena 2017 - arrangement ved museumssamlingane i Sandnes nothus og Kvamsdals fargeri.

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling i nothuset på Sandnes

Samlinga består av tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen. Båt- og sjøbruksregistreringane frå 1990-talet gjer at det finst ei god oversikt over båtar og reiskapar som er brukte og / eller bygde her. Utstillinga i nothuset på Sandnes presenterer eit breitt og spanande utval.

Kvamsdals fargeri

Utstillinga i Kvamsdals fargeri vitnar om 60 års industrihistorie på Sandnes. Det fortel om ein type småbedrift som var vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet. Eigarane følgde utviklinga og moderniserte verksemd a som var i drift heilt fram til 1950-talet. Det meste av inventaret i fargeriet er intakt og står slik det stod då det vart lagt ned i 1954. I år har museumssamlingane ope sundagar frå kl 13-17. Omvisarar.

Følg oss på facebook: https://nb-no.facebook.com/sommarscenamasfjordnes

Sommarutstilling i Kvamsdals fargeri

Brodert bilete med dikt

Helga Gunerius Eriksen
VI BYGGER OM
- ei utstilling med broderte bilde og dikt for alle aldrar

Kunstnaren har samla skattar frå skuffer og skrap frå grøfter og laga broderte bilde og poetiske tekstar for alle aldrar. Bildeserien er ei forteljing om katastrofe og attreising – frå krise til nytt håp. Utstillinga tek utgangspunkt i verdssituasjonen i dag, med krig og terror og menneske på flukt. Dette er ei forteljing om korleis det øydelagde kan reparerast og brukast om att til noko nytt og lovande: ”No må vi gjere så godt vi kan.”

Materialbilde av tekstil, broderigarn, pynteband, knappar, skruar, spiker, gaupepels, fjør, ormeskinn, paljettar, skjel, plastleiker, ymse skrot.

Helga Gunerius Eriksen er cand. mag. med faga keramikk og filosofi og forfattar av eit tjuetals bøker for barn, unge og vaksne. Ho har skrive dramatikk, poesi, tekstar for tidsskrift og terreng, musikk og dans, utstillingskatalogar og antologiar. Ho har også illustrert eigne bøker på porselen og tekstil. Ho har motteke Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen.

Utstillinga er ope sundagar frå 25. juni t.o.m. 27. august, kl. 13 -17.

 

 

Tekst og foto: Anette Thorsheim

 

Web levert av CustomPublish