Frå utstillinga Poesi i ull 2017

Frå utstillinga Poesi i ull 2017

Sommarscena 2017 - utstilling

Vanlegvis opnar museumssamlingane på Sandnes / Masfjordnes dørene ved jonsoktider, men i år vart det allereie i byjinga av mai opna utstilling i Kvamsdals fargeri.

Inngang til utstillinga Poesi i ullDette er ei vandreutstilling som er laga av medlemmer i foreininga Norske filtmakarar, ei foreining for professjonelle utøvarar i faget. Utstillinga var utstilt i Hillesvåg ullvarefabrikk i april og skal nordover til Frøya i juni.

Toving av ull er ein svært gamal handverksteknikk. Utstillinga syner mange ulike uttrykk av handverket på bilete, klede, skåler, dukar og figurar i ull. Gjenstandar av fleire lokale handverkarar er å sjå i salsutstillinga. Kvamsdals fargeri er ope etter avtale med Alf Strand, mob 41 61 09 78.

For besøk, kontakt Alf på telefon 41 61 09 78.
Medverkande: Oddny Kjellsen, Anne B. Weltzien, Karin F. Svarstad, Sissel Midtlid, Signe B. Egset, Evelyn Johnsen, Hanne W. Arnheim, Marit B. Lyhammer, Mailiss Petterson, Åse Midtbø, Sigri S. Smørgrav, Evelyn Refsahl, Ingunn Krogstad, Tone Tvedt, Marit O. Bjercke, Irene Eik, Tone V. Øby, Marita Haugen, Turid Kvalvåg,Kari H. Roligheten, Nina T. Sliper, Kirsten J. Smådahl, Gunnlaug Ribe, Birgitte Jensen.

Endeleg program for Sommarscena 2017 vert lagt ut her når det er klart

 

Frå utstillinga Poesi i ull.

 

Tekst/foto: Anette Thorsheim

 

Web levert av CustomPublish