Sommarnytt frå biblioteket

Hugs å låne mange bøker før biblioteket stengjer i sommar. Siste opningsdag før ferien er: Sandnes måndag 26. juni, Hosteland tysdag 4. juli og Matre torsdag 6. juli.

Det er snart ferie for dei fleste av oss. Uansett om du skal vere heime eller reise på tur, er det godt med ei god bok. Om du skal langt vekk og vil sleppe å dra på tunge bøker, kan eit alternativ vere å låne e-bøker og laste dei ned på  telefon eller nettbrett. Gå inn på http://www.elanhordaland.no så finn du oppskrift på korleis du går fram for å låne. Manglar du lånekortet, så må du ta kontakt med biblioteket. Elles minner eg om at biblioteket har bra utval av reisehandbøker i tillegg til eit par tidsskrift der du kan få tips til turar.

Også i år arrangerer biblioteket «Sommarles» for aldersgruppa 0 – 15 år. Sommaren 2016 var det rekorddeltaking og sjølvsagt håpar vi minst like mange deltakarar i år. Reglane er enkle: På biblioteket får ein lesepass. Så er det berre å lese så mykje ein orkar og føre bøkene på lesekortet. For å få premie, må ein ha lese minst fem bøker lånte på biblioteket. Ein vaksen må attestere på at bøkene er lesne. Det blir bokpremiar og diplom til dei som deltek.

I slutten av juni vert det sett ut bokkassar, ein med bøker for vaksne og ein med bøker for barn og ungdom,  i gapahuken på Matre og i Botneneset på Sandnes. Elles står det ei hylle med bøker på butikken på Sandnes.

Hugs å låne mange bøker før biblioteket stengjer i sommar.

Siste opningsdag før ferien er:
Sandnes: - måndag 26. juni.
Hosteland: - tysdag 4. juli
Matre: - torsdag 6. juli

Biblioteket opnar att:
Sandnes: - måndag 7. august
Hosteland: - tysdag 8. august
Matre: - torsdag 10. august

 

God sommarlesing til alle frå Bjørg og Kjellaug

 

Web levert av CustomPublish