Skal installere verdas djupaste 420 kV PEX sjøkabel i Fensfjorden

Bygging av 420 kV kraftleidning frå Steinsland i Modalen til Mongstad i Lindås går for fullt.

Dei områda der det er mest aktivitet for tida, er ved Haugsvær, Steinsland og i Stølsheimen. På stasjonsområda ved Haugsvær og Steinsland er det stor anleggsaktivitet. Grunnarbeidet går for fullt, og arbeidet med å forskala og støypa har nettopp starta.

Fundament er ferdig støypte for mange av mastene i Stølsheimen. I desse dagar vert dei første mastene reist, medan støyping av mastefundament går for fullt. Grunna store nedbørsmengder og lågt skydekke store delar av hausten er framdrifta noko forseinka. BKK Nett vil så langt råd er unngå helikopterflyging og anleggsarbeid  på søndagar,  men for å halda tidsfristen og få mest mogeleg arbeid avslutta før vinteren kjem, må me i november og desember la entreprenøren utføra arbeid i høgfjellet når veret tillet det.

Det må påreknast ein god del anleggstrafikk på vegane i området. Betong vert levert med bilar både til begge stasjonstomtene og til riggplassen ved Svartavatnet. I tillegg vert stål til mastene transportert til Matre, opp Svartavassvegen og til Steinsland.  

Verdas djupaste 420 kV PEX sjøkabel

BKK Nett har inngått kontrakt med kabelleverandøren Nexans om utvikling, produksjon og installasjon av verdas djupaste 420 kV PEX sjøkabel i Fensfjorden. Sjøkabelen vil på det djupaste liggja 526 meter under havoverflata. PEX-isolasjon har dei seinare åra teke stadig meir over for oljetrykkskablar for kabelanlegg på høgare spenningsnivå. Kablane er lettare å installera, og dei utgjer ingen utslippsfare i driftsperioden slik eldre oljekablar gjer. Arbeidet med å byggja landtaka for kabelanlegget tek til våren 2018. Legging av kablane vil først skje i 2019.


Tekst: Anne Mette Tuvin, BKK Nett

 

Web levert av CustomPublish