Bronsepokalen som bebuarane vann, mellom to av dei som vann han.

Bronsepokalen plassert mellom to som bidrog til å hente han heim til Hosteland.

Sjukeheimen sine spreke syklistar samla

Bebuarar og andre brukarar av Masfjorden sjukeheim har delteke i "Sykkel-VM for eldre" med eit imponerande resultat. Den slags innsats fortener ein skikkeleg fest. Og fest vart det !

Sykkelmeisterskapen er slutt, men ikkje sykkelinteressa.Tenk deg at du set deg på sykkelen og syklar denne turen : Hosteland – Matre – Voss – Flåm – Lærdal – Tyinkrysset – Vang i Valdres – Beitostølen – Vågåmo – Sel – Dombås – Hjerkinn – Oppdal – Trondheim – Stjørdal – Levanger – Verdal – Steinkjer – Foldereid – Kolvereid – Rørvik. Og når du kjem fram, snur du sykkelen og syklar same vegen attende. Når du då er vel komen heim att, har du lagt bak deg meir enn to tusen kilometer.

 

Det er så langt dei har sykla, dei spreke og sykkelglade bebuarane på Masfjorden sjukeheim. I «Sykkel-VM for eldre» kom denne gjengen på ein høgst imponerande bronseplass, i knivskarp konkurranse med totalt 1150 deltakarar frå til saman 60 instituasjonar i Noreg, Sverige, Danmark, Canada og Tyskland, og med berre tre og ei halv mil frå sølvplassen.

No hjalp det sjølvsagt godt at ein hadde ein individuell sølvmedaljevinnar på laget, for John Norvald Hope kom på andreplass i klassa for menn med utrulege 1295,1 km som resultat. Men det står stor respekt av innsatsen til alle som deltok.

Det var difor god grunn til å samle bebuarane og feire den gode innsatsen, og dette vart gjort torsdag 5. oktober med fin fest i matstova.

Jan Inge Ebbesvik frå Motitech gratulerer ein glad medaljevinnar.Festen starta med kulturelle innslag med elevar i kulturskulen. Akkompagnert av Anne Merete Reknes spelte Klara og Sigmund feiande flott festmusikk.

Deretter vart medaljar, pokalar og andre premiar delte ut. Den som stod for dette, var Jan Inge Ebbesvik frå Motitech, som har stått bak dette tiltaket. At premieringa var populær, fortalde glade ansikt alt om.

Jan Inge kunne fortelje at dette folkehelsetilbodet i år var ein del av aktivitetane kring Sykkel-VM i Bergen, men at Motitech hadde planar om å kome attende med eit tilsvarande arrangement neste år. Så då spørs det: I år kom sprekingane seg heilt til Rørvik og heim att. Skal dei satse på å nå Brønnøysund eller Bodø neste år ?

Premiefesten vart avrunda med kaffi og kake – ei kake som var nesten like imponerande som innsatsen til dei glade syklistane, og like vel fortent som medaljane og pokalane som vart delt ut.

Premiekaka

Tekst og bilete : Rune Garmann

Web levert av CustomPublish