Du er her: Start»Sjølvhjelp

Sjølvbetjening

Det vert lagt til rette for at det skal verte enklare for deg å få tilgjenge til kommunen sine tenester, også utanom arbeidstid. Via portalen skal du få tilgjenge til mellon anna skjema. Etter kvart skal du også kunne sjå dokument som ikkje er ålment tilgjengelege, men som du har rett til innsyn i. Av omsyn til datatryggleik og personvern krev kan det vere naudsynt at du då legitimerer deg, til dømes via BankID, MinID eller tilsvarande. Denne funksjonaliteten er enno ikkje på plass.

Oppe i navigasjonsfeltet finn du ein meny som heiter "Sjølvbetjening". Her finn du i dag desse menypunkta :

  • Skjema - dette fører deg til ei side der kommunen sine noverande skjema er samla. Denne sida vil verte endra når vi lagt inn nye skjemaløysingar.
  • Til tenestetorget - dette er ei peikarside til tenestetorget vårt. Her kan du få hjelp dersom du har behov for det.
  • Nordhordlandskartet - dette er eit kart som det er knytt mykje informasjon opp mot.
  • Kommunalt planregister - dette er ei side som fungerer som ein peikar til BraPlan, der kommunen sine planar er gjort tilgjengelege.
  • Mi sak - denne sida fører deg over til minsak.no, der du kan registrere saker du ynskjer skal verte handsama politisk av kommunestyret eller fylkestinget.
Web levert av CustomPublish