Sandnes
skulemusikk vart stifta i 1970. Laget har brassbandbesetning og
rekrutterar medlemmer frå Sandnes skulekrins.
Laget har for tida 40 musikantar i alderen 9-18 år. Rekrutteringa til korpset er god, og me har no 7 aspirantar under opplæring.
Laget har ei fellesøving kvar veke. I tillegg spelar meir enn halvparten av musikantane i ulike samspelgrupper.
Sandnes skulemusikk er ein heilt sentral aktør i det lokale kulturlivet og har ei unik støtte i lokalmiljøet. Kvart år arrangerer me konserter og andre tilstellingar, og deltek aktivt på andre lag sine arrangement med heile korpset eller grupper.
Laget har dei siste 15 åra delteke i ei rekkje konkurransar med gode resultat, mellom anna 3 gongar vinnar av NM 2. divisjon. I 2000 gjekk laget til topps i 3.dividsjon brass for skulekorps og i 2001 vart me nr. 2 i same divisjon. Grupper frå korpset har fleire gongar blitt Noregsmeistrar i ensemblespel.
Korpset har motteke Statoil-prisen, og representert Norge under verdsutstillinga i Sevilla.
Av vårens arrangement er å nemna Hordablesten i Grieghallen i mars og NM i Oslo i juni. I begge konkurransane stiller korpset i 2.divisjon.
Tekst og foto: Maud Sleire Holmaas
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen