Tlf. 56 16 63 60, e-post: sandnes.sk@masfjorden.kommune.no - Rektor: Kjellaug Bolset Strand,
Sandnes skule er ein 1-10-skule, lokalisert i bygdelaget Sørsida på kommunesenteret Masfjordnes i Masfjorden kommune, 7 mil nord for Bergen.
Elevtalet er no 75. Skulen har for tida 4-delt barnesteg og 2 klassar på ungdomssteget. Elevane er busette over eit område på ca. 3 mil, og dei fleste er avhengig av skuleskyss.
Her er 12, 5 årsverk dekka av 17 lærarar i heile og deltidsstilingar. 2 lærarar er ufaglærte. Skulåret 2009/10 tek to lærarar vidareutdanning, der midlar frå staten dekker vikarutgiftene. Skulen har 4 assistentar. Nokre av
lærararane har kombistilling med musikkskulen. Aldersspennet er stort, 30 – 62 år. Tyngda av lærarane er rundt 50 år.
Det pedagogiske personalet dekkjer dei fleste fag med minst 20 vekttal.
Fleirtalet er almennlærarar.
Den eldste delen av skulen var bygd i 1964 og var fram til 1980 sentralskule for ungdomssteget i kommunen. Våren 2000 tok vi i bruk eit nybygg med gymnastikksal, musikkrom, bibliotek/datarom og kjøkken. Nybygget er eitt av få her i landet med naturleg ventilasjonssystem og er oppført etter miljøvennlege prinsipp når det gjeld materialval og overflatebehandling.
Tekst: Kjellaug Bolset Strand
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen