Tlf. 56 16 63 60, e-post: sandnes.sk@masfjorden.kommune.no
Rektor: Dina Dyrhovden
Inspektør: Odd Helge Birkestrand
Sandnes skule er ein 1-10-skule, lokalisert i bygdelaget Sørsida på kommunesenteret Masfjordnes i Masfjorden kommune, 7 mil nord for Bergen.
Hausten 2012 er elevtalet 66, med 24 elevar på ungdomssteget og 42 elevar på barnesteget. Skulen har for tida 4-delt barnesteg og 3 klassar på ungdomssteget. Elevane er busette over eit område på ca. 3 mil, og 42 av elevane er avhengig av skuleskyss.
Skulen sitt personale: 1 sekretær, 3 reinhaldarar, 3 assistentar og 16 lærarar i heile og deltidsstillingar. Nokre av lærarane har kombinert stilling med undervising i kulturskulen. Aldersspennet er stort, 30 – 62 år. Det pedagogiske personalet dekkjer dei fleste fag med minst 20 vekttal. Fleirtalet er allmennlærarar.
Den eldste delen av skulen var bygd i 1964 og var fram til 1980 sentralskule for ungdomssteget i kommunen. Våren 2000 tok vi i bruk eit nybygg med gymnastikksal, musikkrom, bibliotek/datarom og kjøkken. Nybygget er eitt av få her i landet med naturleg ventilasjonssystem og er oppført etter miljøvennlege prinsipp når det gjeld materialval og overflatebehandling.
Skulen har tilbod om SFO mandag - tysdag - torsdag - fredag. Det er tilbod om leksehjelp måndag og torsdag.
Sandnes skule sine lokale og uteområde vert også nytta av Masfjorden kulturskule og Masfjorden idrettsskule, som har tilbod til elevar frå 2. klasse etter skuletid.
Skulen er omgjeven av natur på alle kantar, eit naturområde vi prøver å gjere oss nytte av både i undervisning og på fritid.
Tekst: Dina Dyrhovden
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen