"Gubbetrim"Vi er ein gjeng med "gubbar" som har trening kvar torsdag
kveld i gymnastikksalen. Vår definisjon av ein gubbe er ein
som har byrja på vidaregåande skule og eldre.
Vi er spelarar i alle kondisjonskategoriar og dei fleste av oss
driv enno å pussar rust av god gamal teknikk.
Vi deler treningsøkta i to og speler innebandy og fotball. I sommarhalvåret vil vi gjere eit godt forsøk på å flytte oss ut og spele fotball på grusbana. Skulle fleire ha lyst å vere med så er det berre å ta med seg innesko og møte i gymnastikksalen torsdagar frå klokka 20.00 til ca 21.30.
Gubbane "Gamle kne knirkar mest"
Klubben vart danna av Odd Birkestrand i 1978 og har i alle år rekruttert medlemmer frå skulen. Klubben har 41 aktive og endå fleire foreldre som stiller opp ved eigne arrangement, som sjåførar på turneringar og klubbkveldar og nær sagt kva ein måtte be dei om. Du kan gå til heimesida deira i hovudmenyen.
Tekst: Vebjørn Aasgard
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen