MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 15.04.11 -

Sandnes ungdomsskule sette opp Grease på Fjon grendahus

 

For tekst, sjå musepeikar:

Alle på scena etter siste framsyning


Torsdag 7. april var det premiere på Sandnes skule si oppsetjing av musikalen Grease. Alle dei 25 elevane i 8. -10. klasse var med.


Musikalen fylte Fjon grendahus 3 gongar. Torsdag kl 1100 var første framsyninga. Born frå Sandnes barnehage, elevane frå Sandnes skule, elevane i 7.-10. klasse på Nordbygda skule og Matre skule, samt ein del bygdefolk fylte salen.


Torsdag kl 19 og fredag kl 19 var foreldre, besteforeldre, søsken og bygdefolk på plass. Elevane baud på nydelege songar, musikk som svinga, flott dans, godt skodespel, litt alvor og ein solid porsjon humor!

 

Medlemmer av Pink Ladies


Ei slik flott framsyning kjem ikkje av seg sjølv. Dette har kosta “blod, sveitte og tårer”! Det ligg veldig mykje arbeid bak. Elevane har fått erfara at det krev jobbing og øving, fått oppleva at øving gjer meister, fått sett nye sider av kvarandre, dei har utfordra seg sjølv og dei har fått oppleva å få til noko flott I LAG!! Dette er læring for livet! Og minne for livet! Det var ei stor oppleving å sjå ungdomane i full blomst!


Ungdomsskulen hadde med seg fleire gode hjelparar i arbeidet:

Renee Kårtveit, Merethe Engelsen, Erik Larsen, Marit Krossøy, Jon Martin Skauge og Terje Rasdal har gjort stålande arbeid for å hjelpa elevane fram til det flotte resultatet.


Andreas Berg og Roald Kvingedal hadde ansvaret for dei flotte kulissene, som plasserte handlinga både lokalt og tidsmessig.

  
Det var ein rørt og stolt rektor som takka elevane og hjelparane for ei flott oppleving. Dei fortente alle ei rose og ein klem!

 

Medlemmer av T-BirdsWe’ll be together

 

 

 

Tekst: Dina Dyrhovden

Foto: Erik Larsen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen