Publisert 10.11.08
Torsdag 5.november var det aksjonskveld på Sandnes skule. Det har samanheng med at skulen i 2007 vart Redd Barna-skule og forplikta seg til å støtta Redd Barna sine prosjekt. Målet for kvelden var å samla inn mest mogeleg pengar til prosjektet ”ABC redder barna”, men det var og sett av tid til litt program. 6. og 7.klasse opna med sjølvlaga song om dei ulike bygdene på Sørsida. 2 .klasse las rim og regler og 3. til 5.klasse avslutta kvelden med fin song. I matpausen var det åresal, tippekonkurransar og salsboder. Nokre klassar hadde baka kjeks og formkaker og folk nytta høvet og sikra seg kaffimat til helga. 1.-4.klasse hadde både brodert og farga bokmerke i tillegg til at dei hadde tova eple.
Alt i alt kom det inn vel 13000 kr på aktivitetane denne kvelden. Då alt var talt opp, kom ein av elevane som gjekk ut 10.klasse i vår og overrekte overskotet frå klassekassen, over 4000 kr. Kjempefint gjort!
”ABC redder barna” er ein aksjon som går ut på å sikra utdanning til barn i land som er ramma av krig og konflikt, t.d Nepal og Uganda. Borna treng læra å lesa og skriva for å kunne ta vare på seg sjølve, og kunnskap er avgjerande for å få i stand fredsprosessar. I takkebrevet frå Redd Barna i fjor fekk vi opplyst at over 350 000 barn vart innskrivne på skulen for første gong, 700 skular vart pussa opp og det er oppretta senter der eldre elevar kan læra yngre å lesa sjølv om skulen er stengd.
Me synest det er godt å få veta at pengane kjem til nytte. Det er flott å få hjelpa barn i andre land med å skaffa seg kunnskap.
Tekst og foto:
Kjellaug Bolset Strand
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen