MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.09.10 -

Personaltur til Paris

Publisert 03.03.08

 

Hald peikrar over bileta for tekst

”Gjengen” i hagen i Versailles

Renee og Merethe på Montmartre

 

Kommunen sette i 2007 av 1000 kr pr årsverk til arbeidsmiljøtiltak på kvar arbeidsplass. På Sandnes skule gjekk eit einstemmig personalmøte inn for å bruka desse midlane til ein felles tur der vi kunne oppleva ting i lag.


Åshild, Alf, Gro Marit og Kjellaug studerer kunst på MontmartreSjølvsagt kom ein ikkje langt med 1000 kr. Dei tilsette vart samde om å dekka mesteparten av kostnadene av eiga lomme. Paris vart valt som reisemål fordi skulen har hatt samarbeid med Frankrike tidlegare og fleire av dei tilsette var litt kjende i byen frå før. Paris er ein rik kulturby, og det vart lagt opp eit omfattande program med m.a. besøk på mange av Paris sine kulturinstitusjonar. Ein del av byggverka me besøkte, er bygningar som har spela ei rolle i Europas historie og/eller er kjende for sin arkitektur. Det er ein fordel for den som skal undervisa om den franske revolusjonen å ha vore i Versailles eller på Place de Bastille.

 

Alf og Kristine framfor EiffeltårnetI løpet av dei tre dagane fekk me med oss Eiffeltårnet,(sjølv om lange køar gjorde at me ikkje kom opp til toppen), Versailles, Notre Dame, Triumfbogen, Pompidou-senteret og Montmartre, berre for å nemna noko av det me besøkte. Båttur på Seinen vart det og tid til, og dei ivrigaste shopparane fekk handla både i butikkar og på marked. Kvar dag avslutta me med eit felles måltid. Turen svarte absolutt til forventningane. I ein travel kvardag har me ikkje så mykje tid til å gjera ting i lag, no fekk alle vera i lag og oppleva det same. Det er med på å sveisa personalet saman.
Høgdepunkt var det fleire av: messe i ei fullsett Notre Dame var ei spesiell oppleving, utsikt over byen frå toppen av Tour  Montparnasse om kvelden ei anna. Paris er ein vidstrakt by med store avstandar, og ein bruker ein del tid på å flytta seg frå ein del av byen til ein annan, sjølv om undergrunnsbana, Metro, er rask og effektiv. Me nådde ikkje over alt me hadde tenkt, så det er rikeleg att til ein annan gong.

 

 

 

Tekst: Kjellaug Bolset Strand

Foto: Kjellaug Bolset Strand og Ingebjørg Øvergard

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen