MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.09.10 -

Sandnes skule vann Nasjonalforeningens hoppetaukonkurranse

Publisert 16.05.08

 

Hoppetauaktivitet ved skulen

 

Hoppetauaktivitet, bilete nr. 2Dette er tredje året Sandnes skule deltek i Nasjonalforeninga for folkehelsa sin landsomfattande hoppetaukonkurranse,” Petter Puls”. I fjor kom 6. klasse på 3. plass. I år hadde same klassen som mål å vinna. Jammen slo det til! Dei fekk 1. premie på 7000 kr frå Nasjonalforeninga sentralt. I år hadde også  fylkeslaget bestemt seg for å yta 2000 kr til beste klasse i Hordaland. Den premien gjekk og sjølvsagt til 7. klasse på Sandnes. Og ikkje nok med at den klassen vann!  2. og 3. premie gjekk òg til Sandnes skule. 5. klasse kom på 2. plass og 6. klasse vart nr. 3 i konkurransen.

 

Hoppetauaktivitet, bilete nr. 3I alt 90 000 elevar frå 1100 skular deltok i hoppetaukonkurranse som gjekk føre seg i tida 14.-25. april. Målet med konkurransen er å stimulera born til fysisk aktivitet. Elevane deltok klassevis og fekk poeng kvar gong dei hoppa tau. På Sandnes har elevane hoppa både i friminutta og delvis i timane. Når skulen fyrst melde seg på den konkurransen, var det eit mål at dei skulle få ei
så god plassering som mogeleg. Difor var lærarane på mellomsteget samde om å gje elevane tid til å hoppa. 10 minutt hopping på slutten av ein time gav 10 poeng. I tillegg  hoppa elevane i alle friminutt. Somme dagar brukte dei heile timar til å hoppa tau. Det vart litt innbyrdes konkurranse mellom klassane på skulen, og elevane gledde seg både over eige resultat og at det hadde gått så bra med dei andre klassane. Og sjølvsagt har alle elevane på mellomsteget blitt mykje sprekare etter all hoppinga.

 

Resultatet var hemmeleg for elevane heilt til Ingebjørg Widding frå Nasjonalforeninga torsdag dukka opp og delte ut premiane. Alle elevar og lærarar var samla i gymsalen, og det vekte stor jubel då det vart klart at skulen ikkje berre hadde fått fyrstepremie, men at klassane herfrå gjorde reint bord!
Sidan alt var så hemmeleg, greidde me ikkje å laga til kakefest slik me har gjort før når nokon  av elevane har blitt noregsmeister. Men skulen spanderte is, og helselaga på sørsida serverte frukt.

Det er ikkje tvil om at resultatet i år er motiverande for dei yngre elevane på skulen, at skulen melder seg på konkurransen neste år òg.

 

Frå premieutdeinga på skulen

 

 

 

Tekst: Kjellaug Bolset Strand

Foto: Renee Kårtveit og Ingebjørg Øvergaard

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen