MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.09.10 -

Utstilling om Per Spook på Sandnes skule

Publisert 11.09.08

 

Hald musepeikar over bileta for tekst

Per Spook_verkstad

Den Kulturelle Skulesekken reiser no rundt med  utstillinga om Per Spook.Han er einaste nordmannen  som har hatt sitt eige motehus i Paris. Han starta som  lærling hos Dior i 1960 etter å ha tek diplomeksamen ved motelinja på Statens Håndverks- og industriskole i 1959, berre 20 år gamal.Han hadde så praksis hos Yves Saint Laurent før han vart sjefsdesignar hos Louis Feraud. Sitt eige motehus opna han i 1977.

 

Onsdag  hadde ungdomsskulen på Sandnes utstillinga på besøk. Etter at elevane hadde fått fortalt om motedesignaren og sett på utstillinga, fekk dei prøva seg som moteskaparar sjølve.Både kreativitet og arbeidsglede var på topp.Her vart designa alt frå burka til dei flottaste tyllkjolar. Kanskje det er ein framtidig designar  i elevflokken?

 

 

Kreasjonar designa av elevar på skulen

Mannekengar på den raude løpar

 

 

 

 

Foto :Åshild Taule

Tekst: Kjellaug Bolset Strand

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen