Suksess for "Amerikafeber"
Publisert 25.04.08

Ungdomsskuleelevane ved Sandnes skule har gjort det igjen! Med syngjespelet ”Amerikafeber” har dei følgt opp suksessen tidlegare årskull ved skulen har hatt med oppsetningar for bygdefolket.
Me er i Masfjorden i 1890-åra. Amerikafeberen er begynt å gripa om seg, På den eine garden etter den andre er det ungdommar som vil reisa. Her heime er ikkje levebrød for alle. I songar og ordveksling møter me dei som vil reisa, dei som vil telja ifrå og dei som sit att og ikkje reknar med å få sjå sine att nokon gong.
Og når nokre av utvandrarane kjem heim på besøk, får me høyra om eitt og anna dei har opplevd både på reisa over havet og der borte i USA.
Tekstane har Signe Marit Bysheim Krossøy skrive, og Frank Kvinge har arrangert dei irske folketonane som songtekstane er skrivne til.
Dei fire framføringane vart ein suksess. Skulen har fått fram gode skodespelarar, songarar og musikarar. Alle elevane har sine oppdrag på scene og i orkester, og du kan sjå at dette er elevar som har stått framfor eit publikum tidlegare. Dei verkar sikre på seg sjølve og rolla si, og trygge på kvarandre. I eit slikt stykke er musikken den berande krafta, og den observante publikummar la nok merke til at mange av elevane har fleire talent: Dei opptrer som skodespelarar og songarar på scena for så i neste innslag å traktera eit instrument i orkesteret.
Om lag 600 menneske var innom på Fjon grendahus og såg stykket. Dei kom frå fjern og nær, og somme kom att to gonger. Blant publikum fann ein mange ungdommar som sjølve den tid dei var elevar her, var med på store oppsetjingar på den same scena. Og dei gav uttrykk for at denne framsyninga minst var på høgde med den dei sjølve hadde vore med på! Det seier sitt.
Kvar framsyning vart avslutta med ståande applaus. Det var fullt fortent.
Tekst: Alf Strand
Foto: Dagrunn Stokke, Nordhordland Avis
|