MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.09.10 -

Ungdomsskuleelevane på Sandnes øver inn syngespelet ”Amerikafeber”

Publisert 14.04.08

 

Resultatet kan du sjå på Fjon grendahus torsdag, fredag og søndag denne veka. Premieren er  torsdag 17.04. midt på dagen. Då er m.a alle ungdomssskulane i kommunen inviterte.

 

Scene frå "Amerikafeber"

 

Kvart  tredje  år sidan 1987 har Sandnes ungdomsskule arbeidd fram ei større oppsetjing som har vorte synt for bygdefolket. For tre  år sidan drog musikalen ”Sørsio i 60” fire fulle hus. Denne gongen er det syngjespelet ”Amerikafeber”  som skal framførast.

 

Stykket handlar om utvandringa til Amerika. Ein reknar med at om lag 850 000 nordmenn gjekk i land på Ellis Island utanfor Manhatten i New York i perioden 1892 – 1924. Håpet var sjølvsagt ei betre framtid enn det dei såg føre seg her i landet.

 

Det er Signe Marit Bysheim Krossøy som har skrive manus til ”Amerikafeber”. Handlinga er lagt til ei lita  bygd  i Masfjorden rundt hundreårskiftet. Her møter vi folk som har lyst å reisa, folk som prøver å halda att, folk i fattigdom og folk med eventyrlyst og utferdstrong. Kva skjer med dei som reiser? Korleis opplever dei sitt nye heimland? Alt dette får vi vita i syngjespelet.

 

Scene 2 frå "Amerikafeber"Skuleveke på grendahuset.

I slutten av januar fekk elevane utdelt manus og dei fekk velja roller. Pugging av tekstar har dei gjort heime sidan den tid,men alt har vore veldig hemmeleg. Ingen andre får høyra tekstane før framføringane.

 

Etter påske har ein god del av skuletimane gått med til øving på scena i gymsalen. Den siste veka før premieren er like godt heile skuledagen flytta til grendahuset. Alle ungdomssskuleelevane har minst ei rolle  på scena i tillegg til andre oppgåver. Dei  byrjar å gle seg til denne framføringa lenge før dei kjem i ungdomsskulen, og når tida endeleg er der, er dei toppmotiverte. Alle går inn for oppgåvene sine med ”liv og sjel ” for å få eit så godt produkt som mogeleg, helst litt betre enn forrige framsyning! Gjennom å samarbeida så tett så pass lenge, blir elevane kjende med kvarandre på ein annan måte og på tvers av klassane. Dei får òg vist kreative evner og utfalda seg på ein friare måte enn i skulekvardagen elles.

 

Det er ikkje så lett å finna kostymer som er heilt tidsriktige. Også denne oppgåva har elevane teke alvorleg. Dei har gått på jakt på ”øvste lemmen” hos besteforeldre og naboar og har funne mykje. I tillegg til å ha laga ein god del kulissar på skulen, har dei òg fått låna ein del gamle gjenstandar som er med på å gjera scenebildet autentisk.

 

Som vanleg har elevane sitt eige orkester. Melodiane er arrangerte av Frank Kvinge og vert presenterte gjennom irsk folkemusikk.

 

Den første framsyninga er torsdag 17.april kl.11.45. Så er det framsyningar torsdag - og fredag kveld kl.19.00. Siste framsyning vert søndag 20.04. kl.18.00.Sjølvsagt håpar vi på fulle hus også denne gongen.

 

 

 

Tekst: Kjellaug Bolset Strand

Foto: Kjersti Andvik

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen