Sandnes skule arrangerte Tine-stafetten tysdag 22. mai. Det er andre gongen skulen arrangerer denne stafetten. Alle fekk flotte t-skjorter og startnummer på brystet. I år deltok 5. - 9. klasse i aldersblanda grupper. Totalt 6 lag stilte på startstreken. Stafettløypa gjekk frå nybygget, ned forbi turnbassenget og over brua, opp vegen frå båthamna, rundt løa og langs bilvegen til skulen att. Innsatsen var upåklageleg trass det mindre gode vêret. Etter stafetten var det "tarzantikken" og slåball. Deretter var det godt med ein varm dusj. Nokre dagar etter kom endeleg den etterlengta Tine-drikken, noko som fall i god smak hjå elevane.
Foto: Frank Kvinge
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen