MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -
OPPMUNTRAR ELEVAR OG TILSETTE VED SANDNES SKULE
- Oppdat. 18.09.07 -

 

Elevar får sunn matDet nye skuleåret er godt i gang, og me i 1. og 2. klasse ved Sandnes skule serverer i dag medelevar og tilsette eit sunt skulemåltid. Etter stor suksess med prosjektet ” Sunn mat ”, som 1. – 4. klasse gjennomførte skuleåret 2006 – 2007, har me bestemt oss for å halda fram med å servera eit sunt måltid til dei andre på skulen vår ein gang i månaden. 5. – 7. klasse vil òg vera med oss på dette prosjektet etter nyttår.

 

 

 

Elevar får sunn matUtan velvilje frå alle me spør om hjelp, kunne dette vore vanskeleg å gjennomføra. Helselaga på Sørsida har frå starten vore medhjelparar, både praktisk og økonomisk. For dette fortenar dei ein stor takk! Då me i haust kontakta dei att var det framleis stor velvilje, dei uttrykte at dei sette stor pris på å få vera med, og samarbeida med oss.


Me vil òg nytta høve til å takka Rema 1000 på Ostereidet, ved Tore Helland, som har sponsa oss med pålegg. Brød og rundstykke har me i 1. og 2. klassen baka sjølve, og så må me seia at me har hatt litt hjelp av
5. klasse, som er 1. klasse sine fadrar. Takk til dykk òg !
Me håpar at maten smakte, og at alle elevar og tilsette opplevde å ha ei oppmuntrande stund i gymnastikksalen !

 

 

 

Tekst og foto: Gro Marit Kvinge Tande

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen