MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Skuleelevar ryddar kulturminne

- Oppdat. 06.06.07 -

 

Klikk opp større bilete. For tekst hald musepeikar over bilete.

Mot aust, før rydding Mot vest, før rydding Mot sør, før rydding I arbeid I
Mot aust, etter rydding Mot nordvest, etter rydding Mot sør, etter rydding I arbeid II


8. og 9. klasse frå Sandnes skule har for andre år på rad delteke i Ryddeaksjonen.  Ryddeaksjonen er Norsk Kulturarv si satsing for å engasjera barn og ungdom i praktisk arbeid for å bevara kulturarven vår. 270 skuleklassar frå heile landet deltek denne gongen. I fjor rydda me i og rundt jordkjellaren i Amundsbotn, i år rydda me skog langs elvemurane på Prestegardsbøane.

 

Arbeidet med å steinsetja botn og sider langs elvane i Botn vart gjort i mellomkrigsåra. Sokneprest Geelmeyden ville gjerne utbetra jorda på prestegarden. I den store arbeidsløysa i 30-åra fekk han sett i gang omfattande elveførebyggjing. ( Du kan lesa meir om dette i Fjon frå fjord til fjell 1997.) Resultatet av arbeidet vart fleire hundre meter med vakre elvemurar. Det meste av murane står framleis, men der elva ikkje vart steinsett i botn, har murane svikta. Røtene frå store tre har og pressa ut steinar frå murane.

 

Vår oppgåve var å rydda vekk skogen langs elvemurane. Før me begynte arbeidet såg me nesten ikkje elva igjen pga tre og kratt. Ein mann frå Landbrukskontoret markerte med blå tape kva tre me ikkje skulle fjerna, han var oppteken av at ein ikkje skulle snauhogga området. Då kjem berre krattet endå raskare oppatt.

 

Me brukte ein heil skuledag på arbeidet. Me nytta sager og sprakesakser til å fella skogen med, men det gjekk litt seint, for trea var for store. Ein av lærarane sagde difor ned trea med motorsag, medan me elevar rydda alle greinene i dungar.

 

Me synest me fekk rydda mykje, og er stolte over resultatet. På bileta kan du sjå korleis området såg ut før me begynte, og etterpå.

 

Som takk for innsatsen får me kr. 2500 frå Norsk kulturarv. Desse pengane går rett i klassekassen.

 

Me synest murane er eit flott kulturminne, men dei forfell. På oppsida av riksvegen vart murane restaurert for ein del år sidan. Kva om kommunen kunne gått i spissen for å få restaurert resten av murane?  Det synest me hadde vore eit glimrande kulturverntiltak!

 

 

 

 

Tekst: 8. og 9.klasse v/ Sandnes skule
Foto: Klara Villanger/ Frank Kvinge

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen