Sandnes skule fekk i vår tildelt nærmiljømidlar til såkalla ”mindre kostnadskrevjande anlegg”.
Tysdag hadde 9. og 10. klasse jomfrutur på fjorden med dei nye kanoane. I nydeleg ver la dei ut frå Nordre Botnevika og padla nordover mot Sandnes. For fleire av elevane var dette den fyrste turen i kano. For alle var det nyttig lærdom. Det er ikkje lurt at alle padlar på same sida samstundes. Då kan ein hamna i sjøen. Det opplevde mannskapet i den eine kanoen. Det gjekk fint med dei, men våte vart dei!
Tekst: Kjellaug Bolset Strand Foto: Frank Kvinge
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen