MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Juleaktivitetar på Sandnes skule

- Oppdat. 10.11.08 -

 

Juleavslutning på Sandnes skule

 

JuleverkstadJul er tradisjon. På Sandnes skule har vi fleire slike tradisjonar. Juleverkstad for alle elevane er ein av dei. Vi er så mange elevar at vi må dela slik at dei minste har ein dag for seg og 5.-10.kl har sin dag. Her blir det produsert både julegåver, julekaker, juledekorasjonar og julepynt. Mange heimar vil nok ha flotte dørkransar som elevane har laga  hengande på ytterdøra i jula.

 

JulebakstJuleverkstadFrå juleavslutninga

 

Avslutningsfesten siste kvelden før jul har vore tradisjon i minst 30 år, men berre etter at vi fekk ny gymsal har vi hatt høve til å invitera heile bygda. Aldri har det vore så mykje folk som i år. Det var knapt ein ledig stol i salen.

 

Elevane har brukt siste fjorten dagane til å øva inn program. Dei minste starta med dramatisering av juleevangeliet. Mellomsteget følgde på med stort nisse-show. Her fekk vi m.a høyra ”På låven sitter nissen” som rap.(Ikkje alt er tradisjon.) Ungdomsskulen hadde i år og skrive sitt eige julespel som heitte Reinsdyrstreik. Heldigvis vart streiken avblåst før jul, slik at nissane kunne få ut gåvene i år og.

Kvelden vart som vanleg avslutta med at alle elevane syng jula inn. Når siste songen ”Ring inn den glade juletid” tonar ut, er både elevar, tilsette og frammøtte komne i julestemning.

 

 

Tekst og foto: Kjellaug Bolset Strand

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen