6.klasse på Sandnes skule hoppa seg til 3.plass i den landsomfattande skulekonkurransen ” Hopp for hjartet med Petter Puls”.
Tysdag denne veka kom gladmeldinga om at 6.kl hadde fått 3.plass og dermed vunne 3000 kr i denne konkurransen. Konkurransen går ut på at elevane skal hoppa så mykje hoppetau dei greier i skuletida i 14 dagar. Dei får så poeng ut frå når og kor mykje dei har hoppa. Hopping i noko av ein skuletime gjev t.d fleire poeng enn om dei hoppar i eit friminutt. Nasjonalforeningen sender ut opplegg etter at ein har meldt seg på. Der følgjer det med både hoppetau og reglar. Men elevane har også brukt sine eigne tau. Tysdag 29.05. 07 kjem ein representant frå Nasjonalforeningen til skulen for å dela ut premien. For ikkje nok med at 6.klasse gjorde det godt. 5.klasse kom på 4. plass og 4.klasse fekk 14. plass av i alt 3636 klassar i heile landet.
Tekst: Kjellaug Bolset Strand Foto: Renee Kårtveit
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen