 |
Alle 7.klassingane har fått Mini-Anne i gåve frå Norsk Luftambulanse. Dei har fått opplæring i førstehjelp på skulen og har i tillegg fått i oppgåve å læra resten av familien førstehjelp heime. |
 |
7.klasse gjekk òg heilt til topps i konkurransen ”Vis med avis”. Dei skulle her lesa lokalavis ei veke. Etterpå skulle dei individuelt svara på spørsmål frå avisa. Sandnes skule vann i lag med Seim skule og fekk ein sjekk på 1000 kr som går inn i klassekassa. |
 |
5. og 6.kl har hatt brannvernkurs. Atle Træland frå NGIB hadde ansvaret for opplegget. Først var det teori inne. Etterpå gjekk elevane ut og fekk prøva seg på å sløkka brann med pulverapparat. |
 |
Renate Ekren, tidlegare elev på Sandnes skule har hatt danseopplæring med heile barneskulen, i økt med ei minste og så ei tilsvarande økt med dei eldste barneskuleelevane.Det var svært populært å dansa etter moderne popmusikk. |
 |
5.klassa lærer å strikka. Det gjeld å halda tunga beint i munnen! Flotte pulsvarmarar i friske fargar byrjar å bli ferdige. |
 |
7.klasse fekk utnytta godvêret maksimalt når dei tysdag 27.03. tok turen til Håvarden i eit tverrfagleg opplegg med kroppsøving/friluftsliv, heimkunnskap, natur&miljø. I tillegg fekk alle skriva seg i boka til fjelltrimmen og fekk dermed ein post, kanskje den første i år. |