ANNLEIS BYGDEKVELD PÅ SANDNES SKULE |
- Oppdat.
14.11.07 - |
|

Sandnes skule har i mange år hatt som tradisjon å invitera bygda til eit arrangement i grunnskuleveka. Dette vart gjort i år også, men med ein litt annan vri enn det som har vore vanleg. I verksemdsplanen i år har vi sett opp internasjonalt arbeid som eit av emna vi vil arbeida med. Me veit at utdanning er grunnlaget for all utvikling. Det fall difor naturleg å fokusera på skulegang. Skulen tok i haust kontakt med Redd Barna som leier den store internasjonale kampanjen” ABC redder barna”. Denne kampanjen har som mål å gje skulegang til 8 millionar barn i område med krig og konflikt. Alle klassar fekk kjennskap til kampanjen av Redd Barna sin representant som besøkte skulen tidlegare i haust. Elevane gjekk så i gang med å planlegga korleis vi på vesle Sandnes skule skulle greia å samla inn mest mogeleg pengar.
Aksjonskvelden starta med song av sjarmerande elevar i 1. og 2.klasse. Dei framførte nokre av Inger Hagerup sine dikt som 9. og 10.klasse hadde laga melodiar til. Dei små fekk god musikalsk hjelp av nettopp 10.kl.
Så var det tid for å aktivisera publikum. Elevane hadde vore utruleg flinke til å finna på aktivitetar. Ein kunne delta i ulike selskapsleikar, vera med på smakskonkurranse eller prøva seg på spela playstation. Ein kunne òg lytta til høyrespel som ungdomsskulen hadde laga, eller nyta utdrag frå ”Jeppe i baronenes seng”. Litt trim var det og plass til. Småskulen freista nemleg med balansetrening, noko elevane der driv mykje med.
For heile kvelden betalte dei vaksne 100 kr i inngangsbillett. Då fekk ein utdelt nokre bongar. For å koma inn på dei ulike aktiviteane måtte ein levera frå seg ein bong. Vart ein svolten, kunne ein gå i kaféen der det og var mogeleg å slå av ein prat med kjende.
Etter at ungdomsskulekoret hadde runda av kvelden med å syngja både ”Brannsong” og ”Dream, dream, dream”, fekk Andreas Madsen frå Redd Barna overrekt ein sjekk på 10.000 kr. Det er eit resultat vi er svært stolte av.

Tekst: Kjellaug Bolset Strand
Foto: Merethe Engelsen og Øystein Bolset Strand
|