MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Steinprosjekt på småskulesteget

- Oppdat. 24.04.07 -

 

Klikk på bilda for større versjon

 

 

 

 

Småskulesteget på Sandnes skule har denne våren lært mykje om stein. Pensjonert rektor, Reidunn Rønhøvde på Kvingo, har vore på skulen og vist oss noko av den fantastiske steinsamlinga si. Sjølv er ho "steingal", som ho sjølv seier, og ynskjet hennar er at endå fleire vil oppdaga kor mykje fin stein det er også i vårt nærmiljø. Ho fortaIde morosame historier om steinfunna sine, og elevane vart begeistra og interesserte. Reidun har mikroskop, steinslipemaskin og steinsag som me fekk ta i bruk med hennar hjelp. Alle dei 28 elevane fekk eit eller fleire produkt med seg heim. Me kjøpte inn nåler til å lima stein på, og det var stas med "eigenproduserte" smykke.

 

Bergartane har så mange fine og klangfulle namn, så litt skrivearbeid vart det og. Reidun spanderte kvar sin "godtepose" med ulike små steinar til kvar elev. Den trur me dei vil ha som eit godt minne frå desse timane.

 

 

 

Tekst og foto: Kjersti Andvik

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen