For tekst: Hald musepila over bilda
Skulane i Masfjorden har fått eit lam i gåve frå Masfjorden sau og geitalslag. Torsdag 19.10. var Arne Toralf Mjanger på Sandnes skule og viste for 7. og 9.klasse korleis ein skal partera slakt og elles stella kjøtet. Noko vart frose og noko vart salta. I tillegg fekk elevane vera med å laga rullepølse. Eleven var svært engasjerte og hadde ei svært lærerik økt. Arne Toralf hadde med blod og økta vart avslutta med at alle fekk smaka blodpannekake.
Tekst og foto: Kjersti Andvik
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen