MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.07.09 -

Kunstnarbesøk i Masfjordskulane

- Oppdat. 24.04.07 -

 

Kunstnar og elevar frå Sandnes skule gjer plata klar til trykkingMåndag og tysdag denne veka hadde Sandnes skule besøk av kunstnarane Trond Knutlid og Roger Gjerstad. Denne gongen var dei her for at 5.-7. klasse på Sandnes og Matre skulle få fullføra kunstverka dei byrja på i haust då dei same kunstnarane også var på besøk. Då rissa elevane motiv i sinkplater som seinare vart sende til kunstnarane for etsing. Platene var no klare til trykking, slik at elevane  fekk fullføra kunstverka sine.

 

Elevane står i kø for å få trykt biletet sittRoger Gjerstad og Trond Knutlid er dei einaste kunstnarane i landet som tek med seg ein heil verkstad ut til skulane. Tidlegare har alle grunnskulane i Bergen hatt besøk av dei to kunstnarane, og denne gongen var det altså Masfjordskulane sin tur. Og at elevane kosa seg, var det ingen tvil om. Prosjektet er eit ledd i den kulturelle skulesekken.

Onsdag var det elevane på Nordbygda skule sin tur å få gjort ferdig sine kunstverk.

 

Ferdig kunstverkFerdig kunstverk.

 

 

 

Tekst og foto: Kjellaug Bolset Strand

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen