Klikk på bilda for større format. Ingen bildetekst.
Når juleferien nærmar seg, er det tradisjon på Sandnes skule å ha juleverkstad. Onsdag 13.12. var tidspunktet i år, og då brukte alle elevane frå 5.til 10.klasse dagen til ulike aktivitetar som har med jul å gjera. Dagen er organisert slik at elevane på førehand har valt seg to stasjonar der dei vil arbeida, og midt på dagen har me i tillegg eit fellesmåltid i gymnastikksalen.
Stasjonane som elevane kunne velja mellom i år, var julebakst, sløyd, decopage og naturmateriale. I tillegg var det åtte elevar som hadde valt å laga til fellesmåltidet.
For ein del år sidan kunne elevane velja tre ulike stasjonar, men denne ordninga har me gått vekk frå – det heile vart litt for hektisk. No er det meir ro over arbeidet, og elevane får tid nok til å avslutta det dei held på med. Som vanleg vart det også i år laga mykje fint som dei kunne ta med seg heim.
Det var over 40 elevar som hadde valt å arbeida med dekorasjonar og kransar på naturmateriale-stasjonen, og både der og på andre stasjonar fekk me god hjelp av både foreldre og besteforeldre.
Takk skal de ha !
Tekst og foto: Kjersti Andvik
|
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen
Til toppen