Samfunnsmessig bereidskap

I den gjeldande kriseplanen for Masfjorden kommune - vedteken den 29. mars 2012 - er det overordna målet for bereidskapsarbeidet formulert slik :

Masfjorden kommune skal vera ein trygg og god kommune å arbeida, bu og opphalda seg i.

Dette er så konkretisert gjennom desse tre delmåla :

  • Delmål 1 : Masfjorden kommune skal fokusera på effektiv førebygging av uønskte hendingar.
  • Delmål 2 : Masfjorden kommune skal ha ein handlingsdyktig brann og beredskapsorganisasjon
  • Delmål 3 : Vårt kommunale beredskapsarbeid skal fokusera på reduserte skadeverknader av uønskte hendingar.

Det er blitt, og vert kontinuerleg, utarbeidd planar for handsaming av ulike typar situasjonar som krev særskilt og ekstraordinær innsats frå kommunen. Nokre av desse planane er ein del av den nasjonale bereidskapen, andre er regionalt eller lokalt forankra.

Dersom ein krisesituasjon skulle oppstå, vil kommunen si kriseleiing tre i funksjon. Denne består av nøkkelpersonar i kommunen. Mellom desse er ordførar, rådmann. teknisk sjef og kommunelege 1. I tillegg er eksterne ressursar som lensmann og sokneprest med i denne gruppa. Kriseleiinga sine oppgåver er klårt beskrivne i den kommunale kriseplanen.

Ei viktig oppgåve for kriseleiinga er å sjå til at publikum til eikvar tid - så langt dette er mogleg - har tilgjenge på relevant og korrekt informasjon, slik at alle veit korleis dei bør forhalde seg til den aktuelle situasjonen. Kriseleiinga vil kunne nytte kommunen si heimeside til å leggje ut informasjonen. Då vil den sist utlagte meldinga liggje synleg framme på alle artiklar på heimesida. Dessutan vil alle dei aktuelle meldingane vere tilgjengelege på sida "Viktige meldingar", som du kan finne via menyen "Nyhende frå kommunen" - sjå hovudmenyen - eller ved å peike og klikke her.

Ein annan viktig ressurs er den kommunale krisetemaet. Du kan lese meir om dette ved å velge menypunktet "Kommunalt kriseteam" i venstre menyfelt.

Web levert av CustomPublish