Utsyn mot Andvik frå Lykjelen

Utsyn mot Andvik frå Lykjelen

Revisjon av kommuneplan

Masfjorden kommune har starta opp revisjon av arealdelen til kommuneplanen. Folkemøte på Nordbygda skule måndag 16.01. kl. 18.00, Matre skule den 17.01. kl. 18.00 og kommunehuset den 19.01. kl. 18.00. Hugs høyringsfristen den 1.02.17.

Innspel/merknader - revisjon av arealdelen til kommuneplanen

Masfjorden kommune har starta opp revisjon av arealdelen til kommuneplanen etter vedtak i formannskapet 19.09.2016 - sak 78/16. Dette vart annonsert i avisa Strilen 18.10.16 og på kommunen si heimeside. I den samanheng vart det bedt om merknader/innspel til planarbeidet med svarfrist 02.12.2016. Det kom få innspel til arbeidet og kommunestyret har difor bestemt å utvide fristen for å kome med innspel til 01.02.2017. Vi ber om at innspel som gjeld konkrete utbyggingstiltak vert vedlagt kart med avgrensing av tiltak. Har du spørsmål til arbeidet kan du gjerne kontakte plansjefen direkte.

Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast Masfjorden kommune innan 01.02.2017. Adresse: Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes

Du kan også levere innspel elektronisk på kommunen si heimeside i menyen: Sjølvhjelp/Skjema/Generelt

Her finn du forslag til planprogram (pdf)

Folkemøte

I samband med revisjon av kommuneplanen vert det arrangert folkemøte der ein kan kome med synspunkt og forslag.
Møtestad og tidspunkt:

  • Nordbygda skule - måndag 16.01.2017 kl. 18.00
  • Matre skule - tysdag 17.01.2017 kl. 18.00
  • Kommunehuset - torsdag19.01.2017 kl. 18.00

Revisjon av strategisk næringsplan

Strategisk næringsplan 2017-2020 vart vedteken av kommunestyret, i møte den 13.12.16, og kommunestyret ønskte rullering i 2017 parallelt med revisjonsarbeidet av arealplanen, og her og med frist for innspel til planen innan 01.02.2017.

 

Tekst: Terje Kallekleiv, plansjef
Foto: Frank Kvinge
 

Web levert av CustomPublish