Redusert fart på Andvikvegen

I perioden frå 13. juni 2017 til 31. desember 2017 vert det nedsett fart på Andvikvegen på grunn av omfattande anleggstrafikk.

Arbeidet skjer i samband med bygging av Sandneselva kraftverk for Norsk Grønnkraft AS. Anleggstrafikken vert hovudsakleg i området rundt brua over Sandneselva på Fv374 Andvikvegen.

Fartsgrensa forbi området er no sett til 50 Kmt medan ordinær fartsgrense er 80 Kmt. På Andviksida av  brua er det ei stor utkøyring til eit tidlegare sandtak som skal nyttast som riggplass.

Kontaktperson hjå byggherren er Endre Vik Arset tlf. 41 84 59 39

Anleggstida for kraftverket er rekna frå juni 2017 og fram mot neste sommar.

 

Web levert av CustomPublish