PPT i Masfjorden

PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord, Masfjordenkontoret –

Kontaktperson er Gro Sandnes, logoped MNLL/PP-klinikar. Leiar av PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord er Herfinn Takle.

PPT for Masfjorden er eit avdelingskontor under PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord. Me har kontor på Masfjordnes. Logopeden deler 100% stilling med Gulen kommune.  Spesialpedagogar, sosionom og psykolog  er plassert i dei andre åtte samarbeidskommunane våre, og vert kontakta ved behov.

Me gjev pedagogisk og psykologisk rådgjeving til foreldre, skulepersonalet og barnehagetilsette. I tillegg kartlegg me born og ungdom med særlege lærevanskar og skriv sakkunnig vurdering om det er trong for spesialundervisning i skulen eller spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.  Logoped har også ansvar for vaksenopplæring knytt til  slagpasientar.

Web levert av CustomPublish