Planarbeid i Masfjorden kommune

I menyen merka "Planarbeid" kan ein søkje og finne gjeldande planar for Masfjorden kommune. Under menypunktet "Oversikt over planar" finn ein ei samling med dei fleste overordna planar og styringsdokument som kommunen sjølv har vedteke. I tillegg til dei planane som er opplista her, er det to planar som har fått sine eigne menypunkt, av di dei er sopass omfattande :

Den eine er Kommuneplanen for Masfjorden kommune 2012 - 2024. Denne består av fem dokument i pdf-format som kan lastast ned og lesast i Acrobat Reader.

Den andre er Adresseplan for Masfjorden. På sida for denne planen kan ein forutan hovuddokumenta i saka finne kart med oversyn over alle husnummer til kvar einskild veg. Dette er også pdf-dokument.

Menyen har også eit punkt som heiter "Aktuelle høyringsdokument". Dette fører til ei side som vil gi eit oversyn over dokument knytt til aktuelle høyringar. Desse vil verte liggjande her inntil høyringsfristen er ute.

Web levert av CustomPublish