Margfelt
Oppdat. - 02.11.10 -

Dokument for laging av individuelle planar

 

Nedunder finn du tre peikarar. Øvste peikaren fører deg til handboka for dei som har koordinatoransvar i høve individuelle planar. Når handboka vert oppdatert, vil siste gjeldande versjon alltid vere tilgjengeleg her. I handboka vil du finne ein versjon av registreringsskjemaet som skal nyttast når ein ny planeigar skal meldast inn.

 

Mellomste peikaren fører deg til ein Microsoft Word-mal for utfylling av registreringsskjemaet. Opnar du denne, vil malen opne seg som eit nytt dokument i Word eller OpenOffice Writer på PC-en du sit ved. Her kan du leggje inn informasjonen som skal på plass i registreringsskjemaet.

 

Den utfylte malen må du lagre som eit nytt dokument. Hugs at eit utfylt dokument vil innehalde sensitiv informasjon, og at du har ansvar for at dokumentet vert lagra trygt !

 

Ynskjer du meir bakgrunnsinformasjon om bruk av individuelle planar, kan du fylgje den nedste peikaren på sida her. Den tek deg til ei informasjonsside som Helsedirektoratet har lagra. På Helsedirektpratet si side finn du mellom anna ein informasjonsbrosjyre som du kan skrive ut og lese.

 

Siste versjon av handboka finn du som Pdf-dokument her. Opne pdf-dokument her.
Dokumentmal for registreringsskjema finn du her. Opne MS Word-mal her.
Helsedirektoratet sin informasjonsbrosjyre om individuell plan finn du på denne sida : Opne html-side her.
Her kjem du deg attende til startsida til Personalhandboka. Startside personalhandboka

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen
Ansvarleg for utforming av HMT-handboka : Rune Garmann
Til toppen