AREALPLANAR:
Kommuneplanar
Masfjorden kommune sin kommuneplan arealdel for 2005-2016, er
utgangspunktet for planlegging av arealbruken i kommunen.
Reguleringsplanar
Detaljplanlegging av arealbruken vert styrt gjennom dei mange reguleringsplanane
som er utarbeida frå 1978 og fram til i dag. Kommunen har
28 godkjende reguleringsplanar. Av desse er det 11 hyttefelt, 8
bustadfelt, 4 kombinert hytte- og bustadfelt og 4 industrifelt.
Aktuelt
Kommunestyret vedtok den 23.02.06 ny arealdel til kommuneplan som gjeld for perioden 2005 - 2016.
BYGGJESAK:
Søknader på internett
Framleis må alle søknader handsamast i papirversjon,
men det vert jobba med eit system slik at det også vert mogleg
å søkja via internett. Med eit slikt tilbod, kan ein
også fylgja med på handsaminga av sin eigen søknad
via internett.
Søknadspapir
Kommunen kan framleis dela ut søknadspapir til folk som treng,
men for dei som har tilgang til internett, kan det vera like lett
å skriva dei ut derifrå. Statens bygningstekniske etat
har lagt ut dei fleste skjema på nettet. Adressa finn du her.
I tillegg har kommunen fleire skjema som ein kan nytta ved ulike
søknader. Desse vert lagt ut på heimesida etter kvart
og kan lastast ned her.
Tekst: Førebels oppdatering, Kjersti Furnes Soltvedt
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Lovisa Midtbø
- Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen